headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Fastlege

Stillinger: 2

Kontraktstype: Fast

Stillingsprosent: 100%

Sted: Odda

Arbeidsgiver: Odda Kommune

Ref.kode: 18/1353

Søknadsfrist: 22-12-2018

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Odda Kommune på:

Facebook

Vi har to ledige fastlegeheimlar

I kommunen har vi 9 fastlegeheimlar pluss LIS-1 lege, lokalisert på Odda Legesenter. Eit moderne legesenter i lyse fine lokaler, nyoppussa i 2018. Vi har både unge og erfarne legar knytt til legesenteret. Vi har hjelpepersonell med kompetanse som bioingeniør, sjukepleiar, legesekretær, hjelpepleiar. Dei har alle lang erfaring med arbeid innan fastlegeordninga.

Odda kommune er ein av 12 kommunar som deltar i pilotprosjekt ALIS VEST. To av våre legar er med i dette prosjektet.

Vi har to ledige fastlegeheimlar:

1 fastlege med ei liste pr. 01.11.18 på 694 pasienter ; Listetak 850
1 fastlege; ny-opprette liste fra 01.12.18 0 pasienter ; Listetak 750. Denne lista er knytt til
utekontor i Røldal 2 dagar i veka.

Legar som vert ansatt må vera spesialist i allmennmedisin, vere under spesialisering for å bli spesialist i allmennmedisin (vere ferdig med LIS-1) eller vera godkjent allmennlege.

Legar som vert tilsett vil få tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin i samsvar med lovkrav.

Som fastlege i kommunen kan det tilpliktast kommunale offentlege oppgåver inntil 7,5 timer/veke.

Som fastlege i Odda kommune er fastlegen med i turnus ved Odda interkommunale legevakt. Per i dag er det 15. delt vakt. Odda interkommunale legevakt er ein av tre legevaktstajsonar i Hardanger/Voss legevaktdistrikt. Odda interkommunale legevakt har ansvar for innbyggarar i Odda, Ullensvang og Jondal. Odda kommune er vertskommune for legevakta. Odda interkommunale legevaktstasjon er stasjonert ved Odda sjukehus.

Søkjar må ha:
Norsk autorisasjon som lege
Mestre norsk språk skriftleg og muntleg
Ha gode samarbeidsevner
Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Det må framleggjast politiattest før tilsetting.

Odda kommune kan tilby:
• Høgt fagleg nivå på tenestene
• Eit godt arbeidsmiljø, med både unge og meir erfarne legar
• God barnehagedekning
• Hjelp til å skaffe bustad

Den legen som vert tilsett kan avtale med kommunen driftstilskudd eller fast lønn.

For nærare opplysningar kan ein kontakte:

Kontaktperson:

kommuneoverlege Marit Igeltjørn, tlf: +47 93 02 55 26, e-post: Klikk her

Kontaktperson:

Verksemdsleiar Marit H. Dagestad, tlf: +47 97 55 85 22, e-post: Klikk her

Odda kommune

i Hardanger har 7000 innbyggarar. Odda by er regionsenter for indre Hardanger og Folgefonnhalvøya. Her er sjukehus, vidaregåande skule, vital industri, mangfald i næringslivet og godt utbygde kommunale tenester med rikt kulturliv, moderne idrettsanlegg og friluftstilbod av høg klasse.  Storslått og mektig natur med ikona Trolltunga, Buarbreen og snøsikre skieldorado i Røldal og på Seljestad i spiss.  Odda er litteraturbyen i spennet mellom Hardangervidda og Folgefonna nasjonalpark, Røldal stavkyrkje og kraftkatedralen i Tyssedal. Vil du og bli med?

© 2015 Helsestillinger. All rights reserved.

helsestillinger.com