headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Sjukepleiar

Stillinger: 3

Kontraktstype: Fast

Stillingsprosent: 100%

Sted: Surnadal

Arbeidsgiver: Surnadal kommune

Ref.kode: 97

Søknadsfrist: 31-05-2018

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Surnadal kommune på:

Facebook

Inntil 3 x 100% fast stilling sjukepleiar i Heimetenesta

I Surnadal forventar Heimetenesta aukande oppdragsmengde med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at innbyggjarane får bu heime så lenge dei ønskjer det.Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har både fysioterapeut og ergoterapeut tilsett i eninga som del av det tverrfaglege arbeidet. I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i m.a geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes.

Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar. Heimetenesta arbeider etter metoden "Helhetlig pasientforløp i eget hjem" - HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital. KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar og sjukehus.

Kort om stillinga:

Heimetenesta har ledig inntil 3 x fast 100% stilling for sjukepleiar. Stillingane innber arbeid i turnus med f.t tredjekvar helg og tre nattevakter på seks veker. Vi har bevegeleg arbeidstid.

Vi brukar fagsystemet Gerica og har integrert VAR - Healthcare (praktiske prosedyrar i sjukepleie).

Vi ser gjerne at nyutdanna sjukepleiarar med kort ansiennitet søkjer. Dette trur vi kan skape dynamikk i ei personalgruppe med mykje fagkompetanse og erfaring og det vil vere positivt både for fagutvikling og arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver:
- sjukepleiefaglege oppgåver i pasientretta arbeid med soneansvar
- respons på tryggleiksalarmar
- dokumentasjon
- rettleiing
- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse, OBS-post og sjukehus

Krav til kompetanse:
- autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring med liknande arbeid er ein fordel
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- kunne bruke dataverkty til dokumentasjon og innhenting av informasjon

Vi ønskjer sjukepleiarar som er:
-fagleg trygge
- nysgjerrige og motiverte til å lære
- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- har vilje og evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- Surnadal kommune er IA bedrift
- lønn i forhold til gjeldende avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjering i hht. kommunens personalplan

Tilsettingsvilkår:
Tilfredsstilllande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, skal leggast fram før tiltreding.

Søknad sendast:
Vi tek i mot elektroniske søknader på stilling. Søkarane blir vurdert ut frå opplysningane som er lagt inn i søknadsskjemaet. Attestar og vitnemål er først aktuelt å ta med om ein blir kalla inn til intervju.

For næremere opplysninger:

Kontaktperson:

Margrethe Svinvik Einingsleiar Heimetenesta, tlf: +47 90954375, e-post: Klikk her

Surnadal kommune

ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv.Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.

Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver,triveleg kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 675 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre.

Vi ønskjer tilsette som kan vere gode bidragsytarar i utviklinga av dei kommunale tenestene.Det er difor viktig at du er fleksibel, tek ansvar, viser initiativ og kan bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø.

© 2015 Helsestillinger. All rights reserved.

helsestillinger.com