Tittel: Fastlege
Kontraktstype: Fast
Stillingsprosent: 100%
Sted: Førde
Arbeidsgiver: Askvoll kommune
Søknadsfrist: 28-02-2023
Vi ønskjer deg som fastlege!
Askvoll legesenter er eit velatablert legekontor med eit godt kollegialt arbeidsmiljø. Vi har 4 fastlegeheimlar og ein LIS1 lege. Stillingane inkluderer og tilsyn ved sjukeheim, helsestasjonslege og kommuneoverlege. Det er 5 tilsette hjelpepersonale; sjukepleiarar og helsesekretærar.
Det er ledig ein fastlegeheimel (100%) frå 3. april 2023 med listelengde på ca. 750 pasientar (maks 840 pasientar) og 7,5 t/v kommunal bistilling. Legen kan velge tilsetjingsform (fastlønn eller privat næringsdrivande med 8.2 avtale).
Kommunen vil også vere fleksibel i forhold til t.d. arbeidstid i tilfelle du vil vekependle. Opplys i tilfelle i søknaden om dette, så ser vi om det er mogeleg å tilpasse i drifta.
Askvoll kommune deltek i Sunnfjord Ytre Sogn interkommunale legevakt (sys-ikl), lokalisert i Førde frå kl. 15.30-08.00 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar. Det utgjer ca 2-3 vakter per månad per lege (fastlønsavtale).
Vi søkjer etter lege som har interesse for allmennmedisin, både ferdig spesialist eller deg som ønskjer å starte på spesialisering i allmennmedisin.
Legesenteret er godkjent som utdanningsverksemd og gjev rettleiing og supervisjon frå spesialist i allmennmedisin.
Vi søkjer spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS3 stilling i allmennmedisin
Godkjent LIS1
Norsk autorisasjon som lege
Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlig eigenheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.
Vi tilbyr:
Løn etter avtale med incentivordning (ved fastløn)
Individuell rettleiing og supervisjon av spesialist for LIS3
Gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelege kollegaer og personale
Regelmessig akuttmedisintrening
Pensjonsordning KLP
Flyttegodtgjersle, jfr personalhandbok for Askvoll kommune
Hjelp til å skaffe bustad
For mer informasjon:
helsestillinger.com