Tittel: Fastlege
Kontraktstype: Fast
Stillingsprosent: 100%
Sted: Bykle
Arbeidsgiver: Bykle kommune
Ref.kode: 4431163889
Søknadsfrist: 22-10-2021
Liker du utfordringar? Eineståande sjanse til å jobbe i vakre Setesdal – vi har fastlege stilling med gode betingelser! Er du interessert i allmennmedisin, er i LIS3-løp, eller er til og med spesialist i allmennmedisin, eller berre ønsker eit år i allmennpraksis frå annan jobb og har formell legevaktkompetanse - har vi ledig 100 % fastlegestilling ved Hovden og Bykle legekontor i Setesdal!
Stillinga og kontoret:
Hovden legekontor inngår i vertskommunesamarbeid med Valle kommune som felles helsetenesta i Bykle og Valle. Bykle kommune har arbeidsgjevaransvaret. I stillinga er det fastlegeoppgåver ved Hovden legekontor. Fastlønnet med ei liste på 600 pasientar.
Stillingen vil ha ansvar for helsestasjon. Beredskapslegevakt i distrikt med gode betingelser. Vaktdistriktet er Valle og Bykle kommune. I medarbeidarstaben er det stor del sjukepleiarar. Kontoret er moderne og godt utstyrt.
Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss.
Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.
Kommunane har totalt 2 ØHD-senger på respektive sjukeheim i Valle og Bykle kommune. Legekontoret på Hovden har helsesjukepleiar, fysioterapeut, jordmor og psykisk helse/rus i same bygg med godt samarbeid. Totalt er det 4 fastleger og 2 LIS1-leger i samarbeidet (fastlege og legevakt) med 3 lokasjoner: i Valle, i Bykle og på Hovden.
Generelle allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert øyeblikkeleg hjelp på dagtid
Beredskapslegevakt i distrikt med 6-delt turnus og bakvakt for LIS1
Akuttmedisinske utfordringar som skadehandtering og liknande
Fag/tenesteutvikling
Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar:
Lege med norsk autorisasjon
Lege under spesialisering eller spesialist i allmennmedisin
God digital kompetanse
Må vera kvalifisert til sjølvstendige legevakter
Må ha sertifikat for bil
Gode kunnskaper i norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg, samt engelsk på eit grunnleggjande nivå
Politiattest må leggjast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar:
Engasjement og interesse for allmennmedisin
God klinisk vurderingsevne
Gode kommunikasjonsferdigheiter
Evne og vilje til samarbeide og evne til å arbeide sjølvstendig vert lagt vekt på
Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
Du er parat til å dele din kunnskap med og lære av andre
Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
Vi tilbyr:
Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
Hektisk, spennande og utfordrande fastlege -og legevaktjobb
Gode samarbeidspartnarar
Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
Vi kan leggja til rette for nødvendig fagleg rettleiing i eit allmennspesialistløp.
Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
Storbyliv tre timar køyreveg unna. Kommunen har personalbolig for utleia i Kristiansand.
Vi er behjelpelig med å skaffa bustad
Andre opplysninger:
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler.
Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
For mer informasjon:
helsestillinger.com