headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Tittel: Fastlege/ kommuneoverlege

Kontraktstype: Fast

Stillingsprosent: 100%

Sted: Hjelmeland

Arbeidsgiver: Hjelmeland kommune

Søknadsfrist: 05-12-2022

Søk stillingen HER.

Besøk vår hjemmeside.

Følg Hjelmeland kommune på:

Facebook

Fastlege/ kommuneoverlege i Hjelmeland

Har du lyst å bli fastlege i 8,2- avtale ved legekontoret i Hjelmeland kommune i Rogaland?

Vi kan tilby ein spanande jobb med lite administrasjon, erfarne og effektive sjukepleiarar som står klar for å hjelpe, varierte og overkommelege arbeidskvardagar og gode økonomiske vilkår.

Hjelmeland kommune har ledig fastlegeheimel ved Hjelmeland legekontor. Heimelen har ei pasientliste på ca 900. Det er ikkje krav om goodwill- betaling for lista. Heimelen er ledig frå 01.05.2023.

Tidspunkt for tiltreding kan avtalast. Det er allereie to fastlegar, begge under spesialisering i allmennmedisin, og ein LIS 1- lege ved legekontoret. Legekontoret er veldrevet, har fullt laboratorium og er bemanna med dyktige og erfarne sjukepleiarar. Kommunen står for drifta av legekontoret.

Den enkelt fastlege inngår fastlegeavtale med kommunen. Basistilskot vert utbetalt til heimelsinnehavaren, og ein avtalar ein gunstig kompensasjon for leige av kontor og drift. Legekontoret brukar EPJ systemet Infodoc Plenarios. Lokalet er nyoppussa og moderne, og ligg i Helsehuset midt i Hjelmeland sentrum.

Helsehuset er og lokale for Helsestasjon, Fysioterapiavdelinga, Barnevern, avdeling Psykisk helse, Tilrettelagte tenester, Tannlegekontor og Nav. Det er eit godt etablert tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike avdelingane i Helsehuset.

Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, fastlegeforskrifta og annan relevant helselovgiving, på dei vilkår som går fram av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildelinga av avtaleheimel vil skje på dei vilkår som går fram av ASA 4310.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

- klinisk praksis på eiga liste med full refusjonsrett på kommunalt drive kontor, ordinær arbeidstid frå 08.00 - 15.30, fem dagar i veka, samt kollegial fråværsdekning.
- 40% offentleg stilling som kommuneoverlege ( kan være rom for å sjå på moglegheit for å ta dette ut av stillinga) kan og vere aktuelt med inntil 20% kommunal stilling med andre kommunale oppgåver
- vegleiing av LIS 1- lege som inngår i kvardagen på legekontoret
- legevakt på dagtid, der vaktbelastning blir fordelt på alle legane i kommunen
- legevaktsarbeid utanom ordinær arbeidstid er i eit spannande interkommunalt samarbeid med Stavanger kommune (kommunedelane Finnøy og Rennesøy) og Kvitsøy kommune og utstrekt bruk av lege/ ambulansebåt. For tida 14 - delt vakt med god beredskapsgodtgjersle

Kvalifikasjonar og vilkår:
- den rette søkar må vere ferdig med LIS 1 tenesta innan oppstart
- det er krav om gyldig norsk legeautorisasjon og spesialisering i allmennmedisin må være påbegynt eller startast opp i samband med tilsetjinga
- erfaring frå allmennmedisin og spesialisering i allmennmedisin vil bli vektlagt
- spesialisering i samfunnsmedisin vil bli vektlagt
- førarkort er nødvendig
- god kommunikasjonsevne på norsk (B2 nivå), svensk eller dansk
- personleg eignaheit vil bli vektlagt
- søkjar må ha gode samarbeidsevner med kollegaer og vera fleksibel og løysningsorientert

Me tilbyr:
- utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
- ein god fastlegeavtale med lite administrative oppgåver
- gode lønnsvilkår samt pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- me kan vera behjelpelege med å skaffe husver

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest:
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess:
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

For mer informasjon:

Kontaktperson:

Bjarte Sørensen, tlf: +47 464 647 00

Kontaktperson:

Camilla Haug Flem, tlf: +47 404 390 50
© 2015 Helsestillinger. All rights reserved.

helsestillinger.com