Tittel: Lege
Kontraktstype: Fast
Stillingsprosent: 100%
Sted: Fyresdal
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Søknadsfrist: 20-11-2022
Har du lyst til å jobbe 2 veker på og ha 4 veker fri? Då bør du vurdere å søke på stillinga som lege i Fyresdal kommune!
Fyresdal kommune skal i gang med eit 3- årig prosjekt der vi innfører Nordsjøturnus og med det også legevaktsordning i eigen kommune.
Vi skal derfor tilsette 3 legar som saman skal dele ei fastlegeliste og ha legevakt i arbeidsperioden sin.
Legekontoret er ein del av avdeling helse og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret vårt er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste.
Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc. Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, 3 legar i «Nordsjøturnus», LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsestasjon, psykisk helse/rus og fysioterapiteneste. Vi har interkommunale samarbeid i høve til jordmor, barnevern og psykologteneste.
Fastlege.
Tilsynslege.
Helsestasjonslege.
Legevaktslege.
Kvalifikasjonskrav:
Norsk autorisasjon som lege.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Gjennomført LIS1 kommunehelsetenesta.
Gjerne erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta samt legevaktsarbeid.
Vi ynskjer at du har:
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta, men samtidig bidra til tverrfagleg samarbeid.
Evne til å jobbe under press.
Handlekraft, likar utfordringar, er fleksibel og utviklingsorientert.
Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagt i stor grad.
Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.
Vi tilbyr:
Faglege utfordringar i eit godt fagmiljø med gode kollegaer.
Godt arbeidsmiljø.
Fastløn.
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
Ein jobb i ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Bustad innreidd etter dagens standard.
Velkomen som søkar!
Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest.
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut komplett med både utdanning og praksis.
Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov.
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
For mer informasjon:
med ca. 1200 innbyggerar, er ein liten men handlekraftig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har sterk fokus på nytenking og utvikling. Vår hovudmålsetjing er: Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.
helsestillinger.com